Lokale donasjonar fiksa biffen då hjelpeorganisasjonen med eitt stod utan frys.
Lokale donasjonar fiksa biffen då hjelpeorganisasjonen med eitt stod utan frys.

Kronerulling gav hjelpe-organisasjonen ny frys

Evy-Irene Søfteland har fått fleire gladmeldingar i det siste. Førre veke steppa gjevarane til då den gamle frysen rauk.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i midten av november det skjedde.

- Eg såg at det rann vatn ut av frysen, og tenkte; slik skal det ikkje vera, fortel Søfteland i «Hjelp til og hjelpe Os og Fusa».

Ho brukar frysen til å lagra mat som held på å gå ut på dato som ho får gratis frå butikkar rundt om i bygda. Maten gjev ho vidare til hjelpetrengjande.

- Frysen var gåen, og noko mat måtte me kasta, fortel Søfteland.

Tidlegare har ho basert seg på å kjøpa brukte frysar, men erfaringa tilseier at dei berre varer ei kort stund.

- Me bestemte oss difor for å prøva og kjøpa ein ny. Men midlar er det begrensa med, seier ho.

Glade gjevarar ordna opp

Ho la ut ei melding på Facebook om den leie situasjonen dei var hamna i, og bad om tilskot til ein frysar. Og det tok ikkje lang tid før midlane ramla inn.

- I løpet av kort tid hadde me nok til å kjøpa ein dyrare frys enn det me bad om pengar til. Folk er så hjelpsame og snille, at ein blir heilt rørt, seier Søfteland.