Ulukke: Ei kvinne skal ha køyrd i autovernet på Søfteland i natt. Ho er mistenkt for køyring i rusa tilstand.

Kvinne mistenkt for ruskøyring i natt

Skal ha køyrd i autovernet på Søfteland.

Klokka 03.49 skal ein bil ha hamna i autovernet på Søfteland. Det opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Det skal ikkje vera snakk om personskadar. Køyretøyet låg nede på hjul og hjuloppheng og måtte tauast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei teke blodprøve av bilføraren, ei kvinne (f. 1974).

Les også
Fire kontrollar berre det siste døgnet: Bilførar tatt i 69 km/t i 50-sone forbi skule

Føraren erkjente ikkje straffeskyld og det vert ikkje teke eventuelt beslag i førarkortet før resultatet av blodprøven ligg føre.

Politiet har oppretta sak.

I den fyrste oppdateringa frå politiet på Twitter i natt vart det opplyst at det var teke beslag i førarkortet. Dette vert avkrefta i den nye informasjonen frå politiet.