Tysdag: Ei kvinne i 70-åra fekk påvist covid-19 tysdag.

Kvinne i 70-åra fekk påvist covid-19

Det opplyser kommunen onsdag.

Ei kvinne i 70-åra fekk påvist covid-19 tysdag. Smittevegen er kjend, og frå ein annan kommune, oplyser kommunen.

Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlege Klaus Melf opplyser at dama hadde fått éin vaksinedose, men «at smitteeksponeringa låg for tett opp til vaksineringa».

– Vi kan difor ikkje forventa at immunsystemet har hatt tid til å reagera ordentleg på vaksinen, legg Melf til.