Eit uvisst tal laks har komen seg ut frå ein merd.
Eit uvisst tal laks har komen seg ut frå ein merd.

Laks har rømt frå ein merd

Det er oppdaga hol i ei nót på Bolaks sin lokalitet i Oterstegdalen. Selskapet veit per no ikkje kor mykje laks som har rømt.

På onsdag 31. januar blei det rapportert om fangstar av laks i Eikelandsfjorden. Bolaks sette straks i verk inspeksjonar av nøtene i merdar med fisk av same storleik som dei som blei fanga.

– Det blei oppdaga hól i ei nót på lokalitet Oterstegdalen. Dette blei straks reparert. Bolaks har engasjert lokale yrkesfiskarar til å fiska laks i Eikelandsfjorden og har etablert mottaksstasjon på Lammaneset, seier produksjons- og salssjef, Terje Moss og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fisken er fin, av god kvalitet og heilt utan medisinar.

Fiskarar har fått laks i garnet

Forretningsøkonom i Bolaks, Karina Hjelle, fortel at dei ikkje veit omfanget av rømminga.

– Vi veit at fisk har rømt, men vi veit ikkje kor mykje fisk det er snakk om. Det er nokre fiskarar som har rapportert at dei har fått laks i garnet, seier ho.

Vidare fortel ho at dei har hatt operasjonar på merden det er snakk om på måndag, og at ingenting tyder på at det har vore hol før den operasjonen blei utført.

– Fiskeridirektoratet kjem på måndag. Då skal vi ta ein gjennomgang med dei og undersøkja kva som er skjedd.

Alle som får fisk blir oppfordra til å melda om tal og fangststad til Ivar Eikeland på telefon 48062595.

– Dersom ein ønskjer å levera fisken til Bolaks, må ein kontakta Arild Legland på telefon 99565984, seier Moss.