Hartvig Haugen har oppsyn og ser til at fiskinga går føre seg etter reglane i Sævareid.
Hartvig Haugen har oppsyn og ser til at fiskinga går føre seg etter reglane i Sævareid.

Laksesamling ved fossefallet

Laksefiske i Sævareid trekkjer både sportsfiskarar og turistar til kommunen.

- Det er ikkje plass til så mange på ein gong, men her står dei, seier Hartvig Haugen, som har oppsyn i området.

(Denne artikkelen er også del av Os & Fusapostens sommarmagasin. Heile magasinet kan du lesaher).

Artikkelen held fram under annonsen.

Organisert fiske for 20 år sidan

Fiskarane fiskar i all hovudsak etter oppdrettslaks.

- Det er rømd oppdrettslaks som kjem inn her, og så står dei og stangar i fossefallet.

Haugen fortel at det alltid har blitt fiska laks her, men han reknar med at det er om lag 20 år sidan det blei organisert i Sævareid. Det er nok ikkje like mykje laks i elva som tidlegare, men det er framleis god råd å få laks på kroken.

- Det har nok samanheng med at det var meir laks som rømde frå anlegga tidlegare.

Haugen veit ikkje kva storleiken på rekordlaksen er, men han veit at det er råd å få storfangst i elva.

- Det er fiska rimeleg store laks her.

Innbrot i bua

At Haugen har oppsyn, vil seia at han skal sjå til at fiskinga går føre seg etter reglane.

- Fiskarane må ha betalt fisketrygd-avgift, noko som ligg til grunn for å få fiska i lakseførande elver i Noreg. Dei må også kjøpa fiskekort.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Sævareid er kjøp av dagspass tillitsbasert. Det står ei lita bu rett før trappene ned til elva.

- Det plar gå greitt føre seg. Fiskarane er ærlege sjeler, men vi hadde nokre episodar med innbrot og tjuveri for nokre år tilbake. Det er lenge sidan no.

Ligg ved Breidablikk

Fossen som laksen samlar seg ved, er eit utløp frå to gode fiskevatn, Henangervatnet og Skogseidvatnet. Tilgang til elva får ein ved å gå ned trappa ved ungdomshuset Breidablikk.