Os & Fusaposten er mellom dei fyrste avisene i landet som digitaliserer heile arkivet. - På denne måten kan ein få heile avisarkivet heim i stova, konstaterer redaktør Jostein Halland nøgd.
Os & Fusaposten er mellom dei fyrste avisene i landet som digitaliserer heile arkivet. - På denne måten kan ein få heile avisarkivet heim i stova, konstaterer redaktør Jostein Halland nøgd.

Lanserer digital gullgruve

Os & Fusapostens fyrste utgåve kom ut 20. juni 1987. No har alle avisene vore i Sveits for scanning.

I haust har alle avisene til Os & Fusaposten blitt scanna, digitalisert og indeksert.

Lokalhistorie

5. november vert samtlege aviser gjort tilgjengelege på osogfusa.no for alle våre abonnentar. Her kan ein søkja på namn, hendingar, bilete, bedrifter, gratulasjonar m.m. heilt frå den aller fyrste utgåva og fram til i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ei digital, lokalhistorisk gullgruve, smiler redaktør Jostein Halland, som er glad for å kunna gje dette tilbodet til lesarane.

- Me har fått høve til å søkja litt i arkivet allereie, og det er fort gjort å bli sitjande "å bla". Det er skrive mykje om mange i åras løp.

Heim i stova

I Sveits der jobben med digitaliseringa av arkivet er blitt gjort, har éi og éi avissside blitt skoren ut frå permane, før dei har blitt scanna, og kvar sak har blitt merka og gjort søkbar.

- På denne måten kan ein få heile avisarkivet heim i stova, konstaterer Halland nøgd.

Os & Fusaposten er mellom dei fyrste avisene i landet som digitaliserer heile arkivet.

Avisene kan lesast som eAvis på nettbrett, mobil og desktop.