Aileen Larm Nilsen frå PPT (t.v.) og kommunepsykolog Sunniva Barman Teige orienterte tenesteutvalet om tiltakspakken for skulefråvær, «Sjåast i Morgon».
Aileen Larm Nilsen frå PPT (t.v.) og kommunepsykolog Sunniva Barman Teige orienterte tenesteutvalet om tiltakspakken for skulefråvær, «Sjåast i Morgon».

Lanserer ny tiltakspakke for å få ned fråværet

Onsdag fekk politikarane i tenesteutvalet presentert Sjåast i Morgon - tiltakspakken som skal få ned fråværet i Os-skulane.

Det har dei siste åra vore stort fokus på elevfråfall i vidaregåande skule. Opptil ein av tre av alle som byrjar på vidaregåande utdanning sluttar før dei har fullført, viser tal frå SSB på landsbasis. Dei fleste elevane nemner sosiale/psykiske grunnar til at dei avsluttar før fullført løp, og mange av dei har tidlegare hatt høgt skulefråvær i grunnskuleåra.

Kvar enkelt elev er unik

I Os jobbar ein no med tiltakspakken Sjåast i Morgon, som har som mål å bidra til at skulane for skal koma tidleg i dialog med føresette til born som har eit fråvær som skulane er bekymra for. Dette er eit område der Os kommune har forbetringspotensiale, heiter det i planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi ønskjer at denne tiltakspakken skal brukast aktivt på alle skulane i Os, og at skulane får gode rutinar til å fanga opp potensielt bekymringsfull fråværsproblematikk, og i tett dialog med eleven og dei føresette kan hindra at dette utviklar seg. Det ligg eit stort ansvar på oss som skuleeigarar at vi følgjer opp skulane i dette arbeidet. Kvar enkelt elev er unik og skal vera sakna når han eller ho ikkje kjem på skulen. At skulen anerkjenner foreldre og føresette som viktig samarbeidspart, er ein føresetnad for at vi skal lukkast med dette arbeidet, uttalar fagsjef for skule og barnehage, Per Olav Sørås, i samband med planen.

Fråvær vert handtert ulikt

Kommunepsykolog Sunniva Barman Teige og Ailinn Larm Nilsen i PPT presenterte i dag «Sjåast i Morgon» for politikarane i tenesteutvalet.

- Det har vore stort fokus på fråfall i vidaregåande skule dei siste åra. Mange av dei som sluttar har hatt høgt fråvær i grunnskulen. Det vil vi jobba for å gjera noko med, seier Barman Teige.

- Skulane i Os handterer fråvær på ulike måtar, og det varierer kva som blir ansett for å vera i risikosonen. Kompetanseheving hos lærar og administrasjon må til. Etter samtalar med rektorane i haust kom det fram at dei manglar oversikt over fråvær. Det er berre i ungdomsskulen at det er påbod om å føra fråvær. Ein manglar heilheitleg moglegheit til å følgja opp, og det er eit ønske om kompetanseheving blant rektorane.

- Kvir sonen din seg til å gå på skulen?

Kommunepsykologen fortalte vidare om at born som pårørande først søkjer hjelp frå foreldre, så nettverket og deretter lærarar.

- Helsesøster og psykologar hamnar lengre nede på lista. Så kven treng kompetanse til å handtera dette? Lærarar og foreldre må samarbeida, seier ho og held fram:

- Eg var på foreldresamtale med sonen min, og då spurte læraren meg om han kvir seg til å gå på skulen. Det er eit spørsmål som alle foreldre bør få frå læraren, for då blir det legitimt å snakka om det.

- Skulane må tåla kritikk

Sjølv om det er foreldra sitt ansvar å få borna ut døra, er det mange faktorar i skulen som kan virka utstøtande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette må også skulane forholda seg til. Ein må visa fordomsfri tenking. Om born strevar, kan det vera grunna utstøting i skulen. Då er det lett for skulen å gå i forsvarsposisjon. Eg kjem sjølv frå ei liten kommune og vi visste alt om den og den slekta, og korleis dei var. Men ein skal ikkje tenkja at det er foreldra som er problemet. Skulen må ta i eit tak, seier Barman Teige.

- Det er noko vi er ekstremt opptekne av, fortel fagsjef Sørås og held fram:

- Skulane må tåla kritikk, og ikkje gå i sjølvforsvar. Vi må vera opne, og forstå at andre tenkjer litt annleis, og kan ha ei anna oppleving enn oss.

Tiltak i klassen

Politikarane var samde i at «Sjåast i Morgon» er både viktig og spanande.

- Eg gler meg til å høyra meir, og følgja prosjektet vidare. De vil bli inviterte tilbake for å halda oss oppdaterte, seier utvalsleiar Emil Tetlie Brimsholm.

I «Sjåast i Morgon» blir det føreslått tiltak på fleire nivå.

Skuleleiinga skal prioritera arbeidet med fråvær og setja av nødvendig tid til det. Skulen skal kartleggja elevens situasjon, og ressursperson skal tidleg involverast i arbeidet. Skulen skal også ha ansvar for å etablera og eventuelt vidareføra positive reaksjonar (mellom elev og vaksen) for å skapa nødvendig tryggleik for eleven.

Det er også utarbeidd "tiltak i klassen". Enkelte faktorar vert rekna som spesielt viktige i tilfelle der born og unge har aukande grad av fråvær.

Artikkelen held fram under annonsen.

God emosjonell støtte frå lærar, godt tilpassa undervising og at skulen held kontakt med heimen.

Råd til føresette

Foreldre og føresette får også gode råd i «Sjåast i Morgon». Dei skal blant anna vera tydelege på at barnet skal på skulen, samstundes som dei kan forsikra barnet om at det vil få hjelp og støtte til å meistra skulekvardagen.

Oppretthalda fast og tydeleg døgnrytme, med faste rutinar på morgonen og å berekna god tid før skulen startar, er andre råd som vert gjeve.

Når barnet er heime frå skulen, er det viktig at dagen framstår med same rutinar som ein vanleg skuledag. Barnet bør i liten grad får tilgang til TV, PC-spill eller hyggelege aktivitetar med foreldre i skuletida når barnet er heime frå skulen. At foreldre er heime på dagtid kan i nokre tilfelle forsterka fråværet og vegringa til å gå på skulen. Positiv tilbakemelding er også viktig. Gje belønning og ros ved oppnådde delmål i prosessen med å få barnet tilbake på skulen. Motiver barnet og auk trua på meistring av skulekvardagen, heiter det i planen.

- Kva er mykje fråvær?

Kva som vert opplevd som mykje fråvær kan vera subjektivt, både frå skulen si side og frå heimen. Os kommune ønskjer å ha følgjande felles utgangspunkt for når ein skal reagera på fråværstimar/dagar:

Ugyldig fråvær - ein enkelttime eller meir.

Høgt gyldig fråvær - 15 prosent fråvær pr seks-vekers-intervall.

Tre gonger forseintkomming på ein månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eleven møtar på skulen, men forlet den att, utan gyldig grunn.