Pensjonist og gardsdregn: Etter åtte og eit halvt år som fylkesmann i Hordaland og tre og eit halvt år som statsforvaltar i Vestland, ser han no fram til å bli pensjonist og gardsdreng.

Lars Sponheim blir pensjonist frå sommaren

Statsforvaltar i Vestland, Lars Sponheim (64), søkjar avskjed frå stillinga frå 1. juni.

Etter åtte og eit halvt år som fylkesmann i Hordaland og tre og eit halvt år som statsforvaltar i Vestland, ser han no fram til å bli pensjonist og gardsdreng, skriv Statsforvaltaren i Vestland på nettsidene sine .

Lars Sponheim er tidlegare stortingsrepresentant for Venstre for Hordaland og tidlegare nærings- og handelsminister og landbruksminister i Kjell Magne Bondeviks to regjeringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sponheim vart i mars 2021 lagt inn på sjukehus etter å ha fått konstatert ei mild hjernebløding, men var tilbake på jobb i februar.