Både NRK og Bergens Tidende var innom for å prata med fusingen Roar Vestbø (32) då han laurdag fullførte 1.000 pull-ups på tre timar.

Den første blemma sprakk etter 470 pull-ups. Då hadde Roar over 500 igjen

Roar Vestbø (32) tok 1.002 pull-ups på under tre timar for å samla inn pengar til Mental Helse.

Publisert Sist oppdatert

Verdsdagen for psykisk helse vert markert 10. oktober kvart år. Laurdag hadde Vestbø sett seg eit klart mål: 1.000 pull-ups på tre timar. For å markera dagen, og samla inn pengar til Mental Helse.

To timar og 55 minutt seinare, senka han seg ned frå stonga for siste gong, etter 1.002 repetisjonar.

Med ei kroppsvekt på 87 kilo hadde fusingen gjennom økta drege opp ei samla vekt på 87.000 kilo.

– Det er ikkje så verst, seier han, men tre dagar seinare kjenner han framleis innsatsen.

– Det går betre. Men det er ikkje slik at eg kosar meg med å vaska håret enno. Eg er øm, men viss det er det verste, så går det bra, seier Vestbø.

Han har allereie vore tilbake på trening. Dagen etter kraftprøven tok han seg også ein joggetur.

– Eg kjende at eg var mørbanka i heile kroppen.

Ein kompis gjorde målet endå tøffare

At det vart akkurat 1.000 pull-ups, var ikkje resultatet av noko langvarig forhold til akkurat det talet.

– Det kunne jo ha vore kva som helst. Eg ville gjera noko som eg ikkje visste om eg kom til å klara, men som likevel kunne vera innanfor rekkevidde, seier 32-åringen.

Den opphavlege planen var å gi seg sjølv fire timar. Så kom ein kompis med eit forslag: Kvifor ikkje klara det på tre?

– Det var eigentleg bra at han gjorde det, for då vart det endå litt meir utanfor komfortsona. Då tenkte eg at det var 50/50 om eg kom til å klara det, seier Vestbø.

32-åringen har lenge hatt pull-ups som ein del av styrkjetreninga si. Dei siste månadene før utfordringa la han inn ei ekstra økt for å førebu kroppen.

Kor mange pull-ups han vanlegvis tar på ei treningsøkt, varierer etter om han brukar ekstra vekter eller berre si eiga kroppsvekt.

– Viss eg berre brukar kroppsvekta, kan det vera 100, 200 eller 300. Det varierer. Då deler eg dei sjølvsagt opp i sett, fortel han.

Ved godt mot undervegs.

Måtte minna seg sjølv på at det kunne gå bra

Sjølv om kroppen var førebudd, kom nervane det siste døgnet før forsøket.

– Då begynner ein å sjå på det som kan gå gale. Men så må ein minna seg sjølv på at det også kan gå bra.

For Vestbø vart nettopp den tankegangen ein viktig del av utfordringa.

– Det skjer nok ofte at folk lar vera å gjera ting fordi dei tenkjer på konsekvensane. Då kan ein heller tenkja at det kan gå bra. Her kunne eg gjera noko positivt og samla inn pengar til Mental Helse. Kanskje kunne eg også inspirera nokon, seier Vestbø.

Han visste på førehand at Bergens Tidende skulle koma for å laga sak om forsøket.

– Det var berre ein ekstra motivasjon til å halda seg til planen og gjennomføra.

Blemma sprakk på repetisjon 470

Vestbø seier det aldri var aktuelt å bryta.

Faktisk gjekk det totalt sett betre enn han hadde frykta, sjølv om han fekk eit første varselsignal før han kom halvvegs.

– Rundt pull-up nummer 470 kom det første holet i handa. Ei blemme sprakk. Då tenkte eg at det kunne bli litt tungt med dei neste 500.

Han kunne ha tatt på seg hanskar. Det valde han å ikkje gjera, fordi poenget ikkje var at det skulle vera lett eller smertefritt.

Alle 1.000 pull-ups kryssa ut

– Målet var å pressa seg og kjenna på ubehaget, seier Vestbø.

Planen var nøye lagt opp. Fram til pull up nummer 700 gjekk det i seks repetisjonar per minutt. Dei siste 300 gjennomførte han med fem repetisjonar i minuttet.

Opplegget gjorde at han ikkje stoppa på nøyaktig 1.000, men på 1.002 pull-ups.

Og han hadde framleis tid igjen.

– Eg visste heile tida korleis eg låg an. Eg var ferdig fem minutt før målet. Eg var veldig nøgd med det. Men eg skal ikkje seia noko anna enn at eg var sliten og hadde vondt i hendene, seier Vestbø.

Ein øydelagd fot viste samanhengen mellom kropp og hovud

At Vestbø valde å knyta utfordringa til psykisk helse, har ei personleg forklaring.

– Det er veldig mange ting ein kunne og burde ha sett søkjelys på. Men det er på ein måte her det starta for min del.

I 2020 etablerte han Idretts- og helseklinikken AS på Nesttun. Den private klinikken arbeider mellom anna med førebyggjande helse, smertelindring, restitusjon og betre fysisk funksjon.

Vestbø har sjølv opplevd kor tett fysisk og psykisk helse kan hengja saman.

– Mi historie er at eg øydela foten min. Då fekk eg sjølv merka korleis den fysiske og psykiske forma hang saman. Det påverka meg mentalt at eg ikkje kunne vera med på aktivitet, seier han.

Det same ser han gjennom arbeidet med pasientar.

– Eg ser korleis pasientane mine responderer når dei blir smertefrie. Når dei igjen kan gå tur på Fløyen eller leika med barnebarna, ser ein kor mykje det gir mentalt at kroppen fungerer.

Alle pengane går til Mental Helse

Vestbø har ikkje oversikt over kor mykje pengar utfordringa totalt har ført til.

Det han veit, er at pengane som er donerte i samband med stuntet, går direkte til Mental Helse.

– Dei hjelper med mange ulike tiltak, som å få folk inn i sosiale miljø, ut i arbeid og inn i trening.

For 32-åringen handlar utfordringa samtidig om meir enn pengar. Han håpar prestasjonen kan få andre til å prøva noko dei er usikre på om dei klarar.

– Eg håpar folk kan tenkja litt på at det dei kvir seg for, eller trur dei ikkje klarar, faktisk kan gå bra.

For dei fleste treng utfordringa sjølvsagt ikkje vera tusen pull-ups.

– Det er nok ein del som sit heime og tenkjer at noko er vanskeleg, at dei ikkje orkar, eller at dei ikkje får til det dei ser føre seg. Eg sette meg eit mål om 1.000 pull-ups på tre timar for å få meg utanfor komfortsona. For andre kan det til dømes handla om å ta på seg regnjakka og gå den turen i skogen, seier Vestbø og kjem med ei oppmoding:

– Berre gjer det. Du kjem til å kjenna deg betre etterpå. Når du pressar kroppen, får hovudet eit friminutt.

Powered by Labrador CMS