Lastebilsjåfør fekk saftig bot for utgått førarkort

130 køyretøy: Denne dagen var til saman 130 køyretøy innom kontrollplassen. (Arkivfoto)

Ein annan vart meld til politiet etter dagens kontroll på Svegatjørn.

Det er som vanleg Statens vegvesen som står for kontrollen av tunge køyretøy på Svegatjørn i Os.

Tysdag 9. april er ikkje noko unntak. Denne dagen var til saman 130 køyretøy innom kontrollplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein førar fekk køyreforbod og eit gebyr på 5.000 kroner for utgått førarkort i klasse C.

Førarkortet var utgått med mindre enn tre månader.

For ein annan sjåfør hadde det derimot gått meir enn tre månader. Han er ilagd køyreforbod, og vert i tillegg meld til politiet.

Knask

Vegvesenet fann også litt anna knask. Av 12 førarar kontrollerte for køyre- og kviletid, fekk heile sju av dei tilsaman ti åtvaringar for mindre brot på regelverket.

Ein førar fekk bruksforbod for å ha festa «sikthindrande» gjenstandar på frontruta.

Fem køyretøy fekk tekniske mangellappar for skada dekk, skada frontrute, feil med fartsskrivar, luftlekkasje og diverse lysmanglar.

13 personar vart kontrollerte for manglande bruk av bilbelte.