I vinden: Linnea Sælen (15, t. v.) er i vinden om dagen. Biletet er frå ein kamp mellom Os/Søfteland og Nore Neset i oktober 2020. Nore Neset-spelar Lilly Kjetland til høgre i biletet.

Laurdag debuterte ho i toppserien. Søndag vart 15-åringen teken ut til Equinor sin talentleir

Linnea Sælen er i vinden om dagen.

Laurdag fekk 15-åringen speletid då laget hennar, Arna-Bjørnar, møtte Brann kvinner i ein treningskamp i Vestlandshallen. Kampen enda 0-4, men ifølgje BA hang dei fire 15-åringane som kom inn i andre omgang «godt med mot de mer navngjetne motstanderne».

Dagen etter vart det nok ein opptur for den unge fotballspelaren frå Søfteland. Då kunne Arna-Bjørnar melda på Facebook-sida at Sælen er teken ut til Equinor sin talentleir for J16.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Linnea blir ein del av skuggelandslaget. Gratulerer, skriv dei.

Les også
Laurdag kan 15-åringen frå Søfteland få sin toppseriedebut