(
(

Lause hundar i sentrum

Politiet har fått fleire hunderelaterte meldingar i natt.

– Det har vore roleg i både Os og Fusa, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Gustav Landro og held fram:

– På Søfteland i 02-tida blei ein mann fødd i 1992 tatt med narkotika. Kva stoff det er snakk om, veit eg ikkje. Det står ikkje noko om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel operasjonsleiaren at politiet i 00.30-tida fekk melding om to golden retrieverar som gjekk laus i Os sentrum.

– Dei har vi ikkje høyrt noko meir om. Men vi fekk inn ei ny melding om ein annan hund på Søfteland. Han hadde hengt seg fast i eit gjerde, seier Landro.

Politiet kontakta Fant som rykte ut og henta hunden.