Strøing: Fleire bilar var ute i Os og strødde i det det fraus på onsdag kveld.

Er ute i kveld: - Målet er sjølvsagt å få salta alle vegane me har ansvaret for

Etter haglbygene onsdag kveld er det venta snø til natta. No er entreprenørane til kommunen ute og saltar.

— Me har mange folk ute i kveld. Målet er sjølvsagt å få salta alle vegane me har ansvaret for. Eg trur det skal gå bra, sa sjåføren Os & Fusaposten møtte på på Nore Neset onsdag kveld.

Les også
Delar av strøinga i Os vart forseinka etter havari på bil: - Det var ein veldig keisam situasjon

Tidlegare i veka vart det klaga over dårleg strøing på dei fylkeskommunale vegane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då fortalde byggeleiaren i fylkeskommunen at delvis skuldast eit havari på ein av bilane deira.