Lynet knuste takstein og delar av ein takstol på huset til Reidar Olsen.
Lynet knuste takstein og delar av ein takstol på huset til Reidar Olsen.

Lynet slo ned i to hus i Os

– Eg nærast hoppa i senga. Det var eit knallsmell, fortel huseigar Reidar Olsen til NRK.

Ingen personar vart skadde, men huseigar Reidar Olsen i Nedre Varåsen fekk ein dramatisk start på fredagen.

Like før klokka seks slo nemleg lynet ned i taket på huset hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg høyrde torevêret, men trudde det gjekk forbi. Plutseleg kom det eit knallsmell. Alt av lys forsvann og det byrja å lukta svidd, fortel Olsen tilNRK.

Lynet knuste ei mengd taksteinar og delar av takstolen. Os brannvesen føretok ein utvendig kontroll og sjekka deretter temperaturen innvendig med varmesøkkamera.

BKK kopla deretter frå straumen, fortel vakthavande ved Os brannvesen, Martin Østgulen Sanden.

Slik ser dei siste 24 timar ut på Meteorologisk institutts nettside lyn.met.no. Vêrvarslarane melder framleis bygeaktivitet og mogleg meir torden i løpet av morgonen og førermiddagen.
Slik ser dei siste 24 timar ut på Meteorologisk institutts nettside lyn.met.no. Vêrvarslarane melder framleis bygeaktivitet og mogleg meir torden i løpet av morgonen og førermiddagen.

Synlege flammar på Berge

Om lag 20 minutt før hendinga i Nedre Varåsen, klokka 0535, fekk brannvesenet melding om lynnedslag i ein einebustad på Berge.

Her var det røykutvikling og synlege flammar då brannvesenet kom fram.

– Alle som var inne i huset kom seg ut og brannen vart raskt sløkt, fortel vakthavande.

Dra ut kontakten!

– Kva førehandsreglar bør ein ta i lyn- og torevêr?

– Ein bør trekkja ut kontakter. Og om ein ikkje har lynavleiar på huset sitt, så kan jo det vera ei bra investering. Utanom det er det ikkje så mykje å gjera, seier Østgulen Sanden.

Artikkelen held fram under annonsen.

anne-marie@osogfusa.no