I 2011 vann 24-åringen frå Os over 90 mill. kroner på nettspelet Mega Fortune. (Skjermdump frå Bettson sine nettsider)
I 2011 vann 24-åringen frå Os over 90 mill. kroner på nettspelet Mega Fortune. (Skjermdump frå Bettson sine nettsider)

Må betala 25 mill. i skatt

Ifølgje Bergen tingrett må 24-åringen frå Os, som vann 90,4 mill. kroner på nettspelet Mega Fortune for fire år sidan, betala 25 mill. kroner i skatt.

Alt i 2012 fekk Magnus Engevik beskjed frå Skatt Vest om at vinsten ikkje var skattefri.

Osingen klaga på avgjerda, og då han ikkje vann fram, bestemte han seg for å gå til sak mot Skatt Vest for å slippa å betala rekninga. 24-åringen meinte han vart behandla ulikt i forhold til folk som vann pengar på spel i regi av Norsk Tipping.

Artikkelen held fram under annonsen.

I rettsalen i Bergen tingrett i juni, argumenterte osingens advokater, som òg representerer spelselskapet Betsson Services Ltd, for at Norsk Tipping har tilsvarande spel som det Betsson tilbyr, og at skattlegging av premiar frå utanlandske spel er diskriminerande og i strid med EØS-reglane.

Skatteetaten på sin side, argumenterte for at Norsk Tipping, i motsetnad til dei kommersielle aktørane, nyttar store delar av overskotet sitt til allmennyttige føremål.

I dommen frå Bergen tingrett, får Skatt Vest medhald i sine argument. Dommen er ikkje rettskraftig før 24-åringen har bestemt seg for om han vil anka eller ikkje.

- Vi registrerer at retten er samd i statens vurdering av saka, seier fungerande avdelingsdirektør Ketil Sørvig i Skatteetaten til Bergens Tidende.

«Os og Fusaposten» har ved fleire høve forsøkt å få 24-åringen i tale, men har ikkje lukkast med det.

Osingen har betalt inn skattekravet på 28 prosent av vinsten for lenge sidan. Hadde han fått medhald i saka, hadde han fått pengene tilbake.