Ser du passasjeren på busstoppet?

Må vifta med lyset på mobiltelefonen for å bli sett

Fleire av busslommene på 600-ruta er bekmørke på kveldstid. Bebuarar kjenner seg utrygge i mørket.

Publisert Sist oppdatert

Særleg ved Halhjemsmarka og Auredalen opplever bebuarane situasjonen som farleg. Både barn og vaksne føler seg utrygge når dei står og ventar på bussen. Det fortel Maria Johansen på Auredalen busstopp. 

Os & Fusaposten møter ho ein mørk og kald februarkveld. Sjølv om himmelen er klår og månen lyser stor og gul denne kvelden, er det tydeleg mørke lommer mellom lyktestolpane. 

Busstoppet i Auredalen ligg midt i ei sånn lomme. Johansen har snakka med fleire andre kollektivreisande som kjenner på det same.

– Særleg dei eldre kvir seg for å ta bussen herifrå, fortel ho. 

Click to add caption

Har varsla kommunen

Frå Auredalen går 600-ruta hyppig. I tillegg er det skulerute på kvardagane. 

– Det er mange barn som reiser her, seier Johansen. 

– Det handlar om psykisk sikkerheit. Ikkje alle er like glade i å stå i bekmørket å venta på bussen, meiner ho. Det er vanskeleg å sjå, og vanskeleg å bli sett. 

Ho fortel at dottera pleier å venta på bussen under lyktestolpen på motsett side av vegen, for så å springa over når ho ser bussen oppe i vegen. 

Johansen har sendt innspel om dei mørke busstoppa til kommuneadministrasjonen. 

– Mål gjerne lyskastet mellom lyktene, oppfordrar ho. 

– Det kjennest forlate her. Det er dårleg belyst, og dårleg brøytt. Dei tar ikkje omsyn til oss, meiner ho. 

– Vi er mange som bur her. Trafikksikkerheit er viktig.

Har blitt fråkøyrd

Det har skjedd fleire gonger at bussen har køyrt forbi Johansen på busstoppet, spesielt i helgene. 

Maria Johansen har opplevd å bli fråkøyrd.

– Eg har lært meg at eg må vifta med lyset på telefonen. Men eg er vaksen, eg veit om det, og eg kan tilpassa meg. Det er ikkje like lett for alle, meiner Johansen og held fram:

– I Oslo, der eg vaks opp, var det lys inne i busskuret. Det gav tryggleik til dei som sto inni, og gjorde det lettare for bussjåføren og sjå folk på stoppet.

– Her er det så mørkt at det enkelte sjåførar blinkar med lysa for å visa andre bilistar at dei kjem. Verst er det når det er tåke eller regn.

Samferdsleavdelinga i Bjørnafjorden kommune kan på si side ikkje sjå at dei har fått innspel på dette. 

– Viss det er sendt som feilmelding, går det direkte til entreprenør. Men her er det ikkje snakk om manglande lys i eksisterande lampe, forklarer leiar for Samferdsle og VA, Agnete Haugland, og held fram: 

– Dersom det er ønske om meir eller ny belysning, må det sendast innspel til trafikksikringstiltak, via heimesida vår. Send oss innspel der, eller ring oss, så skal vi sjå på det.

Powered by Labrador CMS