Det har vore glatt ute i det siste, noko som har gjort at mange eldre har teke kontakt med Frivilligsentralen og tryggleikssjukepleiar for å få gratis strøsand.
Det har vore glatt ute i det siste, noko som har gjort at mange eldre har teke kontakt med Frivilligsentralen og tryggleikssjukepleiar for å få gratis strøsand.

Mange vil ha gratis strøsand

Det har vore glatt ute, og mange eldre har teke kontakt med Frivilligsentralen og tryggleikssjukepeleiar i Os, som ønskjer å koma med ei presisering i gratis strøsand-tilbodet.

– Tilbodet om ei bøtte med gratis strøsand til eldre over 70 år i Os kommune gjeld den enkelte husstand og ikkje samla tinging av fleire. Dersom pårørande eller andre har anledning til å hente strøsand etter avtale med underteikna, set vi stor pris på det, presiserer tryggleikssjukepleiar i Os kommune, Bjørg A. Sjøbø.

Ho legg til at dei grunna juleferie frå 20. desember ikkje har anledning til å køyra ut og levera strøsand før 2. januar.