Rykka ut: Fleire brannbilar var på staden i går. Her held dei på med sløkkingsarbeidet.

Mann i 20-åra mistenkt for uoppklara brann

Både brannvesen og politi rykka ut då dei fekk melding om ein brann i Os sentrum 15.46 i går.

Brannen var i ei søppelkasse i venterommet til bussterminalen. Brannvesenet kom først og fekk raskt sløkkja brannen. Det var ikkje fare for spreiing.

Les også
Brann i søppelkasse
Brann: Her er søppelkassa det var brann i. Bilete er tatt rett etter brannen var sløkka.

— Me snakka med fleire vinter på staden, og ein vart etter kvart mistenkt, fortel politioverbetjent Martin Nordeide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den mistenkte er ein mann i 20-åra som er kjend for politiet.

— Det er oppretta sak på hendinga, seier Nordeide, og fortel politiet jobbar vidare med saka og mistenkt.

Korleis og kvifor brannen starta er framleis for tidleg å seie meir om fortel Nordeide.