Mann i 50-åra var meldt sakna
Politiet bistod i leitinga.
Operasjonsleiar Frode Kolltveit opplyste torsdag kveld at eit familiemedlem hadde meldt mannen sakna.
Politiet sette ikkje igang redning, men bistod familieen i leitinga etter vedkomande med eigne styrker på ulike stader i Os.
Annonse
Natt til fredag opplyste politiet at leitinga var avslutta. Mannen var ikkje fysisk funne, men undersøkingar førte til at det ikkje lenger vart gjort aktivt søk etter vedkomande.