Mann omkom etter ulukke på Halhjemesvegen.
Mann omkom etter ulukke på Halhjemesvegen.

Mann omkom i bilulukke på Halhjemsvegen

Omkom etter kollisjon mellom varebil og lastebil.

- Vest politidistrikt mottok melding frå bilist om kollisjon mellom ein varebil og ein lastebil. Meldinga blei mottatt natt til laurdag kl  0325. Lastebilen skal ha kome køyrande  frå Halhjem og nordover. Varebilen skal ha kome køyrande i motsett retning – mot Halhjem. Det var berre  førar i kvar av køyretøya, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Varebilen er påført svært store skader etter å ha treft lastebilen i fronten. Ca kl 0350 blei førar  av varebilen erklært død på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

-  Førar var ein mann i 30-åra. Førar av lastebilen (mann i 40-åra) er tatt med til lokal legevakt. Oppegåande og utan synlege skader. Naturlegvis prega og i sjokk etter hendinga. Vegen er f.t. stengd på ulykkesstaden og naudetatar arbeider på staden. Ulykkesgruppa til Statens Vegvesen er også varsla og på veg til staden, opplyser Kolltveit.

Det er no omkøyring via Ulvenvegen, Skeisflaten, Lepsøyvegen og Halhjemsvegen (og motsett veg for dei som kjem frå Halhjem). Entreprenør fra Statens vegvesen vil foreta skilting. Ein vil så raskt som mogleg forsøka å få opna eitt av køyrefelta.