Likt nummer: Politiet skriv at det er ein mann som ringjer til publikum frå eit telefonnummer som er likt nummeret til politiet.

Åtvarar mot mann som gjev seg ut for å vera politi på telefon

Det opplyser politiet på Twitter onsdag kveld.

Politiet skriv at det er ein mann som ringjer til publikum frå eit telefonnummer som er likt nummeret til politiet. Vedkomande oppgir feilaktig å vera ein polititenesteperson og bed om bankkortinformasjon.

– Dette er eit forsøk på bedrageri. Er du utsett for dette, kan du kontakta politiet på 02800, opplyser dei på Twitter.