Mann skadd i kollisjon

Ein motorsyklist i slutten av 40-åra er køyrt til sjukehuset etter å ha kollidert med ein bil på Skeisflaten måndag kveld.

Ulukka skjedde i 19.30-tida. Motorsyklisten kom køyrande på Skeisflaten retning Grindevoll, då han ikkje overhaldt vikeplikta for ein bilist som kom opp frå Skeisleira. Kollisjonen var dermed uungåeleg.

Då «Os og Fusaposten» var på staden fekk motorsyklisten førstehjelp av ambulansepersonell. Mannen hadde eit sår i den eine foten og klaga over pustevanskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter det me kjenner til vart motosyklisten køyrt til sjukehuset for nærmare kontroll like etter.

Mannen som førte bilen var tilsynelatande uskadd.

Ikkje overraska

Fleire bebuarar i området var oppe i krysset og hjelpte til med å dirigera trafikken forbi ulukkesplassen. Eit par av dei nytta høve til å seia nokre ord til lokalavisens utsende.

- Slå dette stort opp. Dette er nok eit døme på kor farleg desse kryssa her på Skeisflaten er. Det er ikkje ein forkøyrsveg, men stadig kjem det folk som ikkje veit dette. Truleg var det det som skjedde med denne motorsyklisten også. Eg reffsar ikkje motorsyklisten, men ønskjer betre sikring kring desse kryssa, seier ei kvinne som bur like ved.

Ho ser liknande situasjonar kvar dag.

- Det er nesten så me berre ventar på smellen. Her må det gjerast noko, seier ho.