Mann teken med 1 kg hasj.
Mann teken med 1 kg hasj.

Mann teken med 1 kilo hasj

Politiet aksjonerte i ein privat bustad i Os 17. mai og gjorde funn av narkotika.

I motsetning til kva som var tilfellet i Bergen sentrum natt til 18. mai, kan politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fortelja at døgnet har vore roleg for politiet sitt vedkomande.

– Russen oppførte seg fint, og det har heller ikkje vore spesielle hendingar i sentrum, seier Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann hasj

På ettermiddagen 17. mai ransaka politiet ein privat bustad etter å ha fatta mistanke om oppbevaring av narkotika.

– Me pågreip ein mann i 50-åra etter å ha funne at han hadde ein kilo hasj heime. Mannen er sett i arrest, fortel Hadler-Olsen.

– Dreiv han med distribusjon eller var det til privat forbruk?

– Det kan eg ikkje kommentera. Det er noko me vil ta opp i avhøyret, som vil bli føretatt i løpet av kort tid, seier han.

ol@osogfusa.no