Måtte reddast: Kvinna gjekk på tur åleine, og var ikkje van med å gå i fjellet
Opplyste at ho såg sola, men fann ikkje tilbake til stien.
Det var laurdag ettermiddag i 17-tida at politiet rykte ut saman med Røde Kors og Norske Redningshunder, for å lokalisera ei kvinne som opplyste å ha gått seg bort i området kring Lyshornet.
— Dette var ei kvinne i 30-åra, som ikkje skal vera van med å gå i fjellet. Ho opplyste at ho såg sola, men ho fann ikkje tilbake til stien, seier politioverbetjent, Christine Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare fortel Grindstein at det blei sendt Rescue me-melding til kvinna, men at dei ikkje fekk kontakt.
— Det er noko politiet gjer for å få ein relativt nøyaktig posisjon på mobiltelefonen, slik at vi kan basera søket ut frå det. Det gjer det lettare for mannskapet, seier Grindstein.
Politiet brukte også sirene, slik at kvinna skulle ha ein lyd å gå etter, men det var hundane som slutt fann ho.
— Litt over klokka 19 fekk vi kontakt med ho. Det tok 20 minutt å gå ned. Kvinna blei køyrd heim av Røde Kors, fortel Grindstein.