Bot og tre prikkar: Køyreturen langs Bogstrandvegen vart ein dyr affære for bilføraren som støtte på politipatruljen like etter klokka 00.30 i natt.

Måtte ut med 10.000 kroner i bot etter å ha køyrt 112 km/t i 80-sona

10.200 kroner i forenkla førelegg og tre prikkar vart konsekvensen for bilføraren som vart målt i 112 km/t i Bogstrandvegen natt til onsdag.

Bilføraren vart observert i Bogstrandvegen av politipatruljen like etter klokka 00.30, natt til onsdag. Det vart gjennomført ei snittmåling. Denne viste at føraren køyrte i 112 kilometer i timen i 80-sona.

– Føraren la seg flat, og vedtok førelegget på staden, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsekvensen av køyringa vart ei bot på 10.200 kroner og tre prikkar førarkortet.

– I det siste har ein lest om at når det er lite trafikk på vegane, så køyrer folk i stor fart. Dette syner at det er tilfellet i vår kommune også, seier Lyssand.

Trafikkuhell mellom MC og bil

Tidlegare på dagen, klokka 14.20, vart det meldt om eit trafikkuhell mellom ein MC-førar og ein bil i Byvegen på Os.

– Patruljen var på staden, men heldigvis var det ingen personskadar. Det vart ikkje oppretta sak på forholdet, fortel Lyssand.