Zsolt Korcsmar og Os-spelarane måtte smørja seg litt med tolmod laurdag i påventa av å spela mot Førde.

Måtte utsetja A-lagskampen på Kuventræ

– Grunna vegproblem i blåsten måtte Førde køyra rundt. Dermed vart det utsetting, fortel trenar Zsolt Korcsmar.

Publisert


Kampen mellom Os og Førde skulle etter planen starta klokka 15.00 i dag (laurdag). Men grunna problem med uvêvet og køyreforhold, vert Førde-laget sin buss så forseinka at kampen er utsett til klokka 17.00.

– For oss er det jo eigentleg berre bra. I følgje vêrmeldingane skal det vera langt mindre regn og blåst i 17-tida enn i 15-tida, seier Os-trenar Zsolt Korcsmar.

Ifølgje oppmann på Førde, Jan Nikolai Hvidstein, var det ikkje ferjeproblem som var årsak til forseinkingane.

– Nei, eg er ikkje med sjølv i dag, men slik eg har forstått det møtte bussen på vegsperringar langs Sognefjorden og måtte dermed leggja om ruta rundt Dale og køyra kystvegen mot Bergen. Det fører naturlegvis til ein viss forseinking.

Powered by Labrador CMS