Ulukke: Midt i svingen står motorsykkelen som skal ha sklidd på vegen.

MC-førar lettare skadd etter å ha sklidd på vegen

Naudetatar er framme på Hetleflåten.

Like etter klokka 14 fekk politiet melding om ein motorsyklist som har sklidd på Byvegen i Os.

Ulukka skal ha skjedd i den store svingen på Hetleflåten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Singelulukke: Politiet og andre naudetatar er på Hetleflåten.

Det skal ikkje vera andre involverte.

Motorsyklisten, som skal vera ein ung gut, framstår som lettare skadd.

Det er trafikkdirigering og noko kø på staden, men bilar kan passera i eitt felt.