Torsdag kveld: Meldinga kom like etter kl 19 torsdag kveld.

MC og bil kolliderte ved ErAn - MC-førar er frakta til sjukehus

Politiet melder om ulukke på Søfteland. Lange køar i begge retningar.

Meldinga kom like etter kl 19 torsdag kveld.

Ein MC skal ha køyrd inn i ein bil bakfrå i ein 60-sone. MC-føraren opplyste å ha smerter i ei hand og ei skulder. Mannen (19) er no frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naudetatar er framme på staden og melder om lange køar i begge retningar. Vel 19.15 var vegen stengd. No er det manuell dirigering forbi ulukkesstaden.

Politiet er i kontakt med bilførar.

Det vert meldt om ein del oljesøl i vegbanen. Vegtrafikksentralen vil bistå med opprydding og skilting.