Tone Hepsøe (Ap) åtvara politikarane om at det kan bli dyrt å ikkje lytta til dei som skal bruka gymsalen/fleirbrukshallen som arbeidsplass.
Tone Hepsøe (Ap) åtvara politikarane om at det kan bli dyrt å ikkje lytta til dei som skal bruka gymsalen/fleirbrukshallen som arbeidsplass.

- Me må ikkje gjera same feilen som vart gjort med Oseana

Tone Hepsøe (Ap) minna formannskapet om ombygginga Oseana måtte gjennomgå for å gjera tilhøva gode nok for kulturskulen, og åtvara politikarane mot å gå i same fella.

Lærarar og rektor ved Os ungdomsskule meiner at den planlagde nye gymsalen/fleirbrukshallen ikkje vil setja skulen i stand til å gje elevane så mykje gym som dei har krav på.

I formannskapet tysdag vart den nye gymsalen ved Os ungdomsskule diskutert både av politikarar, prosjektsjef Tor Inge Døsen og kommunalsjef Line Rye. Arbeidarpartiet tok opp saka i politisk kvarter, og Tone Hepsøe lufta ei rekkje kritiske spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Berre utbyggjar som er høyrt

Ho hadde hatt dialog med rektor Kåre Lutro, og fått inntrykk av at rektoren opplevde å ikkje ha blitt tilstrekkeleg høyrt i saka.

- Korkje rektor, tillitsvalde, tilsette, verneombod eller foreldre er blitt høyrt. Frå utsida kan det sjå ut til at dei einaste som har blitt høyrt i saka er Bøe og Lepsøe, sa Hepsøe. Entreprenørverksemda Bøe og Lepsøe har stått i spissen for reguleringsframlegget i Landboden som inkluderer gymsal/fleirbrukshall, sidan dei har bustadprosjekt i same området.

- Me må unngå å gjera same feila som vart gjort ved bygginga av Oseana der tilsette ikkje vart tilstrekkeleg involverte, noko som genererte ekstrakostnader på tampen av prosjektet, sa Hepsøe, som også bad om å få sjå prosjektdirektivet for fleirbrukshallen.

Helge Steinum la til at det er viktig å få alt på bordet før budsjettet for neste år vert vedteke, der dei økonomiske rammene for utbygginga av fleirbrukshallen vert etablerte. Det er sett av 2 mill. kroner til føremålet dei neste to åra, og deretter 40 mill. og 25 mill. kroner i 2018 og 2019.

Ordføraren tok sterk avstand

Ordførar Terje Søviknes sa at dette har vore ein heilt ordinær og open prosess, og at all tilgjengeleg informasjon skulle gjerast tilgjengeleg for Ap.

- Men eg vil ta sterk avstand frå påstanden om at det berre er den private parten som har blitt høyrt her. Det medfører ikkje riktigheit. Det har vore dialog både om å løysa kommunens behov for gymfasilitetar og for behovet for ytterlegare forsamlings- og øvingsfasilitetar for kulturlivet. Men her er det fleire interesser som er prøvt å balansera opp mot kvarandre, sa han, og la til at han ikkje kjende seg att i påstandane som var kome fram no etter at reguleringsplanen var vedteke.

Rektors misforståing

I løpet av diskusjonen sa Tone Hepsøe at rektor Kåre Lutro under reguleringsplanprosessen hadde misforstått storleiken av gymsalen. Sidan det var sagt at det var ein dobbelt gymsal, hadde han trudd at gymsalen ville bli større enn kva som var tilfelle. Line Rye stadfesta at det hadde funne stad ei misforståing.

- Det er heilt rett at rektor misforsto storleiken på arealet. Men me har hatt dialog med rektor i ettertid, og det er mogleg å sjå annleis på arealet. Men skal ein ha meir til gymsal, vert det mindre til noko anna. Me vil uansett setja ned ei gruppe med brukarrepresentasjon som skal få diskutera dei indre rammene av bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulebruksplanens rammer

Tor Inge Døsen la til at dei hadde nytta skulebruksplanens rammer når dei hadde vedteke storleiken på areal av gymsalen. Den nyttar same mal som Bergen kommune gjer.

- Den malen seier at ein oppgradert 5-parallellar-skule skal ha 700 kvm til gymfasilitetar, inkludert areal for gymsalar, garderobar, dusjar og lager. Her er ein oppe i overkant av 700 kvm på det behovet. Skal me leggja til nye 400 kvm, ville me få 50 prosent over arealbehovet som Os kommune har lagt som mal i sin skulebruksplan, sa Døsen.