Annleis bursdagsfeiring: Torsdag fylte Bodil Sofie Svendal 80 år. Slik gjorde familien hennar stas på henne.

Medan Bodil Sofie stod på balkongen og vinka, stod familien på andre sida av gata med flagg og lukkeønskingar

Då Bodil Sofie Svendal fylte 80 år torsdag, troppa familien hennar opp med lukkeønskingar på trygg avstand.

Jubilanten ville eigentleg at det skulle lagast minst mogleg oppstuss i samband med den store dagen, men slik vart det ikkje. I alle fall ikkje heilt.

– Familien fekk heldigvis vera samla ein liten stund. Mange frå storfamilien stod spreidd langs vegen. I tillegg kom fleira naboar i Varåsen ut for å gratulera, medan mor mi, stod pent på balkongen og vinka, nett som dronninga, fortel Jan Petter Svendal som driv NyttiOs.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort samling: – Familien fekk heldigvis vera samla ei kort stund, fortel Jan Petter Svendal, om 80-årsdagen til mora, Bodil Sofie Svendal, for to dagar sidan.

Saknar du besto?

I desse koronatider er omgangskrinsen til dei aller fleste vorte innskrenka. Er det nokon du saknar? No har du sjansen til å senda ei helsing til dei gjennom avisa.

Har du ei bestemor, ein bestefar eller andre kjente på ein av institusjonane i kommunen? Har du ei tante eller ein onkel du er glad i, men som du ikkje får lov til å gå på besøk til? Kva med ein god ven eller ei veninne som du gjerne skulle vore på fotballbanen i lag med? Lag ein plakat med ei helsing til den eller dei personane du saknar, ta bilete av deg sjølv med plakaten og send biletet til post@osogfusa.no, så kjem helsinga di med i avisa.

Helsingane kan vera av typen glad i deg besten, saknar deg mormor, håper vi sjåast snart igjen, og liknande. Sender du helsinga til oss innan onsdag kveld, får vi han med i fredagsavisa.