Isglatte vegar og fortau: — Det er ikkje så godt å sjå kor glatt det er ved første øyekast, men glatt er det. Det kan eg lova, seier Ivar Nilsen.

Melder om skikkeleg skumle forhold for gåande

— Her er klink is og underkjølt på fortauet. Folk må vera forsiktige i kveld.

Det melder Ivar Nilsen. Turgåaren var ute i nærområdet på ettermiddagstur i Halhjemsmarka fredag kveld og var skremt over tilhøva.

— Eg går mykje på tur, men så glatte, skumle fortau har eg knapt vore ute for. Her må folk verkeleg vera forsiktige, seier Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gjekk frå rundkøyringa ved Halhjem ferjekai og inn til Søre Neset idrettsplass i 17.30-tida.

— Eg ser det er like glatt her. I bilvegen er tilhøva noko betre, men på fortauet er det is heile vegen, slår Nilsen fast.

Han ringde også teknisk vakt i kommunen for å åtvara om tilhøva.

— Dei sa at dei var på saka, men at dei ikkje rakk ut for å salta alle plassar på éi og same tid og at folk difor må vera forsiktige, konstaterer Nilsen.