Ulukke: Trafikkulukke fredag morgon i Eikelandsosen, melder politiet på Twitter.

Melder om kollisjon mellom to bilar i Eikelandsosen

Ein person er køyrd til lokal legevakt.

Klokka 09.03 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Eikelandsosen. Ulukka skal ha skjedd på fv. 48 ved krysset Holdhusvegen.

Politiet skriv at to bilar og to personar er involverte. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, men ein person av dei er køyrd til lokal legevakt. Politiet og ambulanse er på veg til staden, skriv politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lensmann Terje Sperrevik fortel at ulukka skal ha skjedd på Holdhusvegen i 80-sona.

– Ein bil i fart bremsa godt ned før han trefte bilen framfor, som stod i ro. Begge bilane blir henta av bergingsbil. Det er ikkje meldt om trafikale problem. Ein person er køyrd til legevakta, fortel Sperrevik.