Uhell: Tysdag ettermiddag melder politiet om eit trafikkuhell mellom ein bilist og ein syklist. (Arkivfoto)

Melder om trafikkuhell mellom bilist og syklist

Politi og ambulanse har rykt ut til Os sentrum.

Tysdag ettermiddag melder politiet om eit trafikkuhell mellom ein bilist og ein syklist. Ifølgje politiet skal bilisten ha rygga på syklisten.

Det er så langt ikkje meld om alvorlege personskader.