Slo til: Politiet kontrollerte ein buss torsdag kveld etter å ha fått melding om kniv om bord på bussen.

Melding om kniv på buss torsdag kveld: Mann og kvinne er meld

Då det blei observert ein kniv om bord i ein buss torsdag kveld, rykte politiet ut.

— Klokka 20 torsdag kontrollerte politiet ein buss etter melding om observasjon av kniv, utan at det skal ha vore ein trusselsituasjon. Eit par, ei kvinne og ein mann i 30-åra, blei tatt kontroll på av politiet, skriv politioverbetjent Christine J. Grindstein i ein e-post.

Vidare opplyser politioverbetjent Grindstein at mannen blei meld for å bera kniv på offentleg stad utan aktverdig føremål. Kvinna blei meld for kroppskrenking mot ein mann i 60-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen i 60-åra skal ikkje vera skadd som følgje av kroppskrenkinga, fortel Grindstein.

— Mannen som er meld for å bera kniv, har erkjent å ha bore kniv på offentleg stad utan aktverdig føremål, skriv Grindstein.

Promillekontroll

Torsdag morgon gjennomførte Utrykkingspolitiet promillekontroll på Halhjem ferjekai. Der skal dei ha stått i vel to timar. Grindstein skriv at 70 personar blei kontrollerte og at det ikkje var noko å reagera på.

Utrykkingspolitiet hadde seinare torsdag trafikkontroll på Halhjemsvegen. Der fann dei mykje å reagera på.