
Melding om trafikkulukke på Fusavegen
Måndag kveld vert det meldt om trafikkulukke ved Stølsnes.
Litt før klokka 19.30 fekk politiet melding om ei bilulukke ved Stølsneset mellom Fusa og Eikelandsosen.
Ein bil var involvert og hadde køyrt ut av vegen.
Annonse
Det vart fyrst meldt at det ikkje var snakk om personskade, men seinare vart føraren frakta til Haukeland. Skadeomfanget var ukjent.
Det var også redusert framkommelegheit på grunn av ulukka.
Politiet melder at dei har oppretta sak.