Meldt sakna: Eigar melde båten sakna måndag, same dag som politiet gjekk ut i media og etterlyste eigaren.

— Meldinga gjekk på at nokon forsøkte å senka ein båt i Lysefjorden

Politiet kjem med ytterlegare informasjon om båt-saka i Lysefjorden søndag.

I går gjekk politiet ut i media og sa at dei ønskte å koma i kontakt med eigar av ein båt som låg under vatn i Lysefjorden.

No fortel fungerande straffesaksansvarleg ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Martin Hustrulid Nordeide, at meldinga dei fekk søndag, gjekk på at nokon prøvde å senka ein båt i Lysefjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi rykte ut. Då politiet kom til staden, låg nesten heile båten under vatn. Det er tatt bilete av fartøyet og båten er sikra som beslag. Det var nokre skader på båten, fortel Nordeide.

Vidare fortel Nordeide at etter at media omtalte saka måndag, har dei fått inn godt med tips. Måndag blei også båten meldt stolen av eigaren.

— Politiet har fleire hypotesar, så det er vanskeleg å koma med meir detaljert informasjon om saka no, seier Nordeide.

— Ut frå skadane de fann på båten, kan det sjå ut til at nokon har prøvd å senka han med vilje?

— Det er for tidleg å seia. Vi skal etterforska. Forsikringsselskapet skal også gjera undersøkingar. Dei kjem jo automatisk inn i biletet når båten blei meldt stolen. Vi kjem til å samarbeide med dei, fortel Nordeide.