Vinden tek seg opp i Os hamn torsdag føremiddag.

Meldt opp mot storm

Spesielt ut mot kysten vil det blåsa kraftig torsdag kveld.

Publisert

Meteorologisk institutt har sendt ut gult varsel for kraftig vind torsdag. 

– Det er eit lågtrykk som kjem frå søraust. Med dette lågtrykket får me ein god del vind her på Vestlandet. I Bjørnafjorden vil de nok merka det i heile kommunen, men det vil bli verst ut mot kysten. Der kan det blåsa opp mot liten storm, fortel meteorolog Emili Carin Rønningen.

Ho fortel vidare at vinden vil vera sterkast frå torsdag ettermiddag til litt ut på natta.

– På det meste vil det blåsa opp mot 33 meter i sekundet, så ein vil merka det godt. Ut på morgonkvisten vil det blåsa mindre, men det vil framleis vera vind og bygevêr, slår ho fast.

Klassisk haustvêr

Ifølgje meteorologen vil vinden løya ut på fredagen.

– Det vil framleis vera vindfullt og surt på fredagen og utover i helga, men vinden vil løya.

– Me er inne i ein vêrtype som mest av alt minner om klassisk haustvêr. Det er relativt mildt, kring 5-6 grader og regn og vind. Slik blir det også gjennom helga. 

– Er kuldeperioden over?

– Det er i alle fall ikkje minusgrader å sjå i våre prognosar. Når det blir endring i vêret, får me håpa det blir av den vårlege sorten.

– Men ikkje teikn til det enno?

– Neste veke ser nokolunde lik ut som denne, avsluttar Rønningen.

Powered by Labrador CMS