MF Fosen er framleis på verkstad. MF Mastein vil drifta sambandet Hatvik - Venjaneset i mellomtida. (Arkivfoto)
MF Fosen er framleis på verkstad. MF Mastein vil drifta sambandet Hatvik - Venjaneset i mellomtida. (Arkivfoto)

MF Fosen framleis ute av drift

Os og Fusaposten-lesarar er frusterte då dei meiner at MF Fosen stadig blir innstilt. Adm. direktør i FosenNamsos Sjø fortel at historikken viser at ferja som oftast går som ho skal.

Måndag kveld blei avgangane på sambandet Hatvik - Venjaneset innstilt. Det er tredje gong på ein knapp månad. Me omtala saka, og i kommentarfeltet har lesarar gjeve uttrykk for at dei er lei av at ferja blir innstilt.

- På sambandet Hatvik - Venjaneset hadde me i 2015 ein regularitet på 99,85 prosent. Det vil seia at ein og ein halv tur av 1000 avgangar blei innstilt, seier Grete Fuglem Tennås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få problem det siste halvåret

Det er ikkje første gong ho har måtte svara på spørsmål om ikkje MF Fosen ofte blir innstilt.

- Me har fått slike spørsmål før. Dette sambandet utmerkar seg med slike meldingar når ferja blir innstilt, men det viser seg at det ikkje skjer så ofte som folk meiner, seier Fuglem Tennås og held fram:

- I januar har me hatt ein tur/retur som blei innstilt i tillegg til hendinga kor ferjekaien blei øydelagt. Så kom dette tilfellet måndag. I romjula blei to avgangar innstilt grunna vedlikehald. Elles har det ikkje vore noko sidan starten av november. Så må ein spola heilt tilbake til august for å finna sist ferja hadde ein kort stans.

Hard drift

Fuglem Tennås seier at det alltid vil vera vedlikehaldsarbeid på slike krevjande fartøy.

- Delar og komponentar kan ryka. Det vil alltid vera vedlikehaldsarbeid på ferjene. Det er temmeleg hard drift på dei. Dei går heile tida. MF Fosen har nesten 60 avgangar per kvardag. Nokre reservedelar har me tilgjengeleg om bord eller på verkstaden. Då tek det ikkje lang tid før ferja er i drift att.

I dette tilfellet, er det ein komponent i motoren som er gåen. Denne komponenten hadde dei ikkje på verkstaden. Difor tek det litt lenger tid før MF Fosen er i sving att.

- Me måtte tinga ein ny del. Per no veit me ikkje kva tid denne delen kjem til verkstaden.

MF Marstein vil halda fram med å drifta sambandet til MF Fosen er i gang igjen.