Inspirasjon: Vi som fekk lov å jobba med Mikal lærte å setja stor pris på han som menneske, og lèt oss inspirera av engasjementet og pågangsmotet hans.

Mikal etterlèt seg store tomrom

Vi opplevde ein mann som var til stades, her og no. Som såg einskildmennesket, og som alltid hadde tid.

Etter at heidersmannen Mikal Leigland døydde i heimen i Strandvik 4. juledag er det sagt mykje fint om han ved mange ulike høve. Mikal etterlet seg store tomrom, i familien, i Strandvik, i næringsliv og i lokalpolitikken.

Ikkje minst har Senterpartiet både lokalt, regionalt og nasjonalt lidd eit stort tap med Mikal sin bortgang. Han var med i Senterpartiet sidan han melde seg inn i Senterungdommen 14 år gammal. 18 år seinare vart han medlem av kommunestyret i Fusa. Totalt blei det nesten 30 år samanhengande med mange ulike verv og roller i kommunestyre og formannskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Strandvik stod stille då Mikal Leigland vart bisett fredag

Rett før jul vart han tildelt Senterpartiet sitt heidersmerke. I retningslinene for denne tildelinga heiter det mellom anna:

«For å kunne få Hedersmerket kreves at vedkommende har hatt tillitsverv av særlig betydning, og gjort en særskilt nyttig innsats for partiet, enten innenfor organisasjonen eller i politiske verv, eller en kombinasjon av disse.»

Mikal sin særmerkte betydning er først og fremst at han har stått støtt der han står, og vore trufast i lang lang tid. Med Strandvik som sentrum, blei det med tida mange ringar i vatnet rundt Mikal, innan bygdeutvikling, med kultur, idrett og næring, og i politikk og samfunnsutvikling.

Les også
– Han ringte meg i snitt kvar 14. dag med instruksar om korleis rikspolitikken burde løysast

Han var tydeleg, modig og hadde stor gjennomføringsevne. Skulle du vera ueinig med Mikal, måtte du kunna argumentere godt for deg. Gjennom det vart ein ikkje alltid einig, men ein vann alltid respekt.

Som god senterpartist var han opptatt av å løfta dei lokale utfordringane opp til sentrale nivå, der det kunne få gjennomslag. Sentrale politikarar skulle ikkje få gløyma kvar dei kom frå, og korleis kvardagen ser ut her. Osloperspektivet var ikkje alltid det som kunne bidra til dei beste løysingane lokalt. Mikal hadde politisk teft og eit stort nettverk og visste å trekka i dei rette trådane.

Les også
– Strandvik hadde ikkje vore det same utan Mikal

Til tross for at Mikal var ein av få i Fusa som stemte imot å slå saman Fusa og Os til éin kommune, vart han den første varaordføraren i den nye kommunen. Ombodsrolla og oppgåvene han hadde på vegner av folket i heile Bjørnafjorden kommune, tok han på alvor. Barnehagen i Strøno var for han like viktig som industrikaien på Samnøy.

Sjølv om han kanskje objektivt sett var den travlaste blant oss, hadde han alltid god tid til å prata med folk han møtte. Vi opplevde ein mann som var til stades, her og no. Som såg einskildmennesket, og som alltid hadde tid. Han var ein tydeleg politikar som alltid nytta høve til å snakka Senterpartiet opp og fram - innbyggjarane lytta til Mikal og Mikal lytta til dei. Som han sa: Det er innbyggjarane vi er her for! Tuntreet i Strandvik hadde røtene sine spreidd utover i heile kommunen.

Les også
Mikal var ein mann eg vart glad av å møta og prata med

Saknet er stort hjå mange av oss. Tankane våre går særleg til familien som har lidd det største tapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi som fekk lov å jobba med Mikal lærte å setja stor pris på han som menneske, og lèt oss inspirera av engasjementet og pågangsmotet hans. Heile Senterpartiet minnest Mikal Leigland med stor takksemd.

Bjørnafjorden Senterparti