Miljødetektivar må passa på, for framtida begynner no.
Miljødetektivar må passa på, for framtida begynner no.

Miljøagentar i arbeid

Medan dei eldste elevane rydda Vinnesleiro, sørgja dei yngste for at fjæra ved Handelslaget i Strandvik fekk skina.

Strandryddinga var del av nærmijøveka til Strandvik Montessoriskule.

Torsdag 19. april var det fokus på miljøvern og rydding av plast. Ei gruppe elevar rydda fjæra ved Handelslaget og naustrekkja i Strandvik. Medan den andre gruppa sette seg på syklane og drog til Vinnesleiro for å rydda.

Artikkelen held fram under annonsen.

I nærmiljøveka har skulen fokus på nærmiljøet. Veka starta med eit besøk på Boga Mini Ranch der Eli og Trond Sætre har kraftverk, sag, steinuttak, bikubar og dyr. Dagen etter fekk elevar og tilsette omvising på hjå Leigland Bygg og Bolaks.

Torsdagen arbeidde elevane for eit betre nærmiljø ved å plukka bos.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Ei gamal bensinkanne, og eit rusta målingsspann var noko av det miljøagentane frå Strandvik Montessoriskule plukka med seg frå fjøra bak Handelslaget.
Ei gamal bensinkanne, og eit rusta målingsspann var noko av det miljøagentane frå Strandvik Montessoriskule plukka med seg frå fjøra bak Handelslaget.
Ein matbit må til når miljøagentane går tom for batteri.
Ein matbit må til når miljøagentane går tom for batteri.
Elevane sytte for eit betre nærmiljø, ikkje berre for seg sjølve, men for svanene også.
Elevane sytte for eit betre nærmiljø, ikkje berre for seg sjølve, men for svanene også.
Det var ikkje berre rusk og rask elevane plukka med seg. Nokre skattar vart det også.
Det var ikkje berre rusk og rask elevane plukka med seg. Nokre skattar vart det også.