Ring på førehand: Bjørnafjorden legevakt ved Sveinung Gangstø og Cathrine Aasen ønskjer ikkje unødig samling av folk på døra eller på venterommet.

Minner om at legevakttimar MÅ bestillast på førehand

Bjørnafjorden legevakt er godt bemanna i fellesferien, men legevaktsjefen og avdelingsleiaren minner om at konsultasjonar må bestillast.

— Legevakta er for alle, men ikkje for alt, seier legevaktsjef Sveinung Gangstø.

Konstituert avdelingsleiar Cathrine Aasen nikkar samstemt til den kjente frasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er ein enkel frase, men det er mykje rett i han. Alt som ikkje hastar skal ein ta med fastlegekontoret, slår Aasen fast.

— Men når det er helg?

— Ja, om det hastar, så er det oss her på Moberg ein skal kontakta, men då først gjennom å ringja til legevaktsentralen på tlf. 116117, seier Aasen.

Ingen nye tilfelle

Tre veker etter at koronalegevakta i Kolskogen vart stengd ned for sommaren, har legevakta på Moberg teke over testinga. Det har gått greitt, men framleis er det folk som ikkje veit at dei ikkje kan koma direkte til legevakta.

– Ein må altså ta kontakt med fastlegekontoret først for vurdering og for å få henvisning til oss. Fastlegekontoret avtalar tidspunkt for prøvetaking med oss. Etter det kan dei koma, seier Gangstø.

– Kven er det som blir testa?

– Dei siste føringane me har fått frå helsemyndigheitane er at me skal testa alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom som lege meiner kan skuldast Covid-19. Unntaket er born under 10 år med lette symptom, då kan me sjå det an eit par dagar. I bunn og grunn gjer me det, med nokre få unntak, seier Gangstø.

– Kor mange vert testa i veka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kring 80-90 vert testa kvar veke. Til no har me ikkje hatt nye tilfelle sidan påsken. Dermed står me berre med dei 17 positive. Heldigvis, seier han.

– Kvifor trur du me her i Noreg har stått det såpass bra av?

– Fordi me er eit opplyst folk som stort sett følgjer dei retningslinjene me får, og fordi me bur ganske så spreidd i høve til andre land. Men for all del. Me er ikkje i mål. Me må vakta oss godt i sommar også, minnar Gangsø om.

Ønskjer ikkje opphoping

Om nokon skulle tru at legevakta har færre tilsette på jobb no i ferien, så er det altså ikkje tilfellet.

– Nei, det kan me ikkje tillata oss. Sommaren er normalt ganske så travel. Då er folk mykje ute og er aktive. Følgjeleg skjer det dessverre oftare at folk skadar seg. Når ein så i tillegg har koronapandemien å ta omsyn til, så skjønar ein at me må ta høgd for pågang, seier Aasen.

– Ja, så har du jo hyttefolk, båtfolk og turistar som stundom syt for større pågang, legg Gangstø til.

– Men om ein skadar seg, eller lurer på om ein er korona-smitta, kvifor kan ein ikkje møta direkte på legevakta?

– Det er fordi me ikkje ønskjer unødig opphoping av folk på venterommet, eller utanfor legevakta. Dette er sjølvsagt av omsyn til eventuell smittespreiing. Dessutan er det betre for pasientane å venta heime hos seg sjølv, til tida for deira time er der, seier Gangstø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er det med legevakta i Fusa?

– Den er ikkje fast bemanna, men til ei kvar tid er det legar som har vakt, og er klare for å trå til om behovet er der, seier Gangstø.

Super innsats: Cathrine Aasen skryt stort over sjukepleiarane på huset og den innsatsen dei har lagt ned denne våren.

Takkar sjukepleiarane

Det har vore ein travel vår for dei tilsette på Bjørnafjorden legevakt. Med to legevakt-mottak store delar av våren, har det vore hektisk for nokon og ein kvar.

– Eg må få skryta av alle sjukepleiarane på huset. Dei har stått på, og gjer det framleis. Andre kan seia dei er lei av koronaen, men her på huset må me forhalda oss til det heile vegen, og det gjer me. Alle og ein kvar. Eg ønskjer også å gje frivillig helsepersonell som har delteke i prøvetakingsteamet, samt øvrige tilsette her ei varm sommarhelsing med takk for suveren innsats, så langt, seier konstituert avdelingsleiar Aasen.