Førarkort-beslaget vart gjort i ein kontroll på Lepsøyvegen i går ettermiddag. (Illustrasjonsfoto)
Førarkort-beslaget vart gjort i ein kontroll på Lepsøyvegen i går ettermiddag. (Illustrasjonsfoto)

Mista lappen på Lepsøy-vegen

UP beslagla førarkortet til ein mann i 30-åra etter at han køyrde i 77 km/t i 50-sona på Lepsøyvegen.

Beslaget vart gjort i ein kontroll på Lepsøyvegen i går ettermiddag.

I tillegg vart det delt ut fem førelegg for for høg fart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrverkeri i busskur

I 19.30-tida i går kveld fekk politiet melding om bruk av fyrverkeri i Nord-Strøno, blant anna inni eit busskur. Då politiet kom fram til staden, var personane vekke. Den eine skal ha hatt på seg ein raud hettegensar.

Tidlegare same kveld fekk politiet melding om at ein bilførar hadde vore uheldig og køyrd på ein hund på Strønevegen.

- Vedkomande tok kontakt med både oss og veterinær og hunden vart frakta til dyrlege, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Aktiv patruljering

Etter ei travel tid med etterforsking av svært tunge saker i månadene før jul, er det i følgje Hadler-Olsen opna seg litt meir tid til patruljering no etter nyttår.

- Aktiv patruljering er eit mål, og me freistar å ha ein eller to patruljar ute det meste av tida. Straksetterforsking er eit prioritert område, seier politioverbetjenten.