Det har vore fleire tøffe år for den tradisjonsrike bokhandlaren MK Olsen. I dag stengde Merete og Rigmor Johnsen dørene for godt.
Det har vore fleire tøffe år for den tradisjonsrike bokhandlaren MK Olsen. I dag stengde Merete og Rigmor Johnsen dørene for godt.

MK Olsen sin siste dag

Etter nokre tøffe år kunngjorde Rigmor Johnsen og dottera Merete i slutten av januar at dei hadde valt å leggja ned den tradisjonsrike bokhandlaren MK Olsen. I dag selde dei sine siste bøker.

1. februar starta opphøyrssalet, og det var tydeleg at mange kundar hadde vore innom for å sikra seg bøker. Då Os & Fusaposten var innom om lag ein time før stengjetid, var det travelt i butikken og mange tomme hyller.

– Det er ein veldig vemodig dag. Vi hadde aldri trudd at denne dagen skulle koma. Det er tøft. Vi burde nok ha stoppa for nokre år sidan, men vi ville gje Osøyro – ikkje oss sjølve – ein sjanse. Det har vore nokre tøffe år, men vi trudde det skulle gå betre når oppussinga av Osøyro var ferdig. Det har ikkje skjedd, seier Rigmor Johnsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pensjonist i ein alder av 85 år

Rigmor starta i butikken i 1985. Frå 1991 har ho drive butikken saman med dottera Merete.

– Eg er blitt pensjonist i ein alder av 85 år. Det er vel på tide. Det at eg har vore i arbeid så lenge er nok ein stor del av grunnen til at eg er så oppegåande både i hovudet og kroppen, seier Rigmor, som ønskjer å takka kundane.

– Vi har hatt mange kundar som har brukt oss i alle år. Det er fleire som har uttrykt at dei har dårleg samvit for at dei ikkje har brukt oss meir. Vi har hatt fantastiske kundar, seier Rigmor.

Dei tilsette kom på jobb, sjølv om dei ikkje skulle jobba, for å vera med på den siste dagen.
Dei tilsette kom på jobb, sjølv om dei ikkje skulle jobba, for å vera med på den siste dagen.
Torill Søviknes og dottera Iselin Søviknes Larsen har vore trufaste kundar, og synest det er trist at bokhandlaren no er stengd.
Torill Søviknes og dottera Iselin Søviknes Larsen har vore trufaste kundar, og synest det er trist at bokhandlaren no er stengd.

Aldri hatt eit dårlegare år

Merete seier at det har vore travelt etter at dei sleppte pressemeldinga om at dei skal stengja butikken.

– Vi har hatt så mykje å gjera, at eg rett og slett ikkje har fått tid til å tenkja over at det nærmar seg slutten. Det er først i dag det har starta å gå opp for meg. Det er vemodig, seier ho og legg til:

– Dei som ikkje skulle jobba i dag, møtte likevel opp for å vera med på den siste dagen.

Vidare fortel Merete at det har vore fleire tøffe år på rad, og at det er fleire grunner til at dei valte å kasta inn handkledet.

– Vi hadde skulebøkene fram til 2010, noko som hjelpte på omsetnaden. Det er generelt vanskelege tider i bransjen, og det er lite folk i sentrum. Det er heller ikkje parkeringsplassar. Kommunen har gjort ein innsats for å rusta opp sentrum, og det er blitt fint, men det er ikkje tumleplass til folk. Vi føler at vi har hamna litt i ei bakgate etter at det nye torgbygget kom opp. Det har nok ikkje betra situasjonen vår. Vi hadde håpa at det skulle koma fleire kundar etter at sentrum blei rusta opp, men vi har faktisk aldri hatt eit dårlegare år enn fjoråret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Trist for dei som mister jobben

Torill Søviknes og dottera Iselin var to av mange kundar som tok turen til butikken på siste opningsdag. Torill har handla på bokhandlaren sidan ho var ei lita jente og gjekk der saman med foreldra. No er det ho sjølv som har med seg dottera, som også er blitt ein flittig kunde.

– Eg kjem til å sakna bokhandlaren. Det er trist å sjå den eine etter den andre leggja ned verksemda i sentrum. Det er trist for oss som kundar, men eg tenkjer mest på dei som mister arbeidsplassane sine, og på turistar og folk som kjem til Os og ser alle dei tomme lokala. Det gjev eit dårleg inntrykk, seier Torill.

Finn alltid parkering

Torill fortel vidare at det kan vera at det er fleire folk i sentrum enn det har vore på ei stund, men ho har ikkje inntrykk av at alle er flinke til å bruka butikkane.

– Då eg var ung gjekk vi frå butikk til butikk og handla. No har eg inntrykk av at mange berre går forbi, seier ho.

– Det har vore mykje snakk om parkeringssituasjonen i Os. Har du problem med å finna parkeringsplass når du skal handla?

– Nei, i grunn ikkje. Det blei betre etter at dei opna grusplassen, men dei bør få fortgang i parkeringshuset dei snakkar om. Vi får sjå kva tid det kjem, om det kjem. Det var for lenge sidan snakk om parkering under grusplassen ved ungdomsskulen, men det blei aldri noko av, seier Torill.