Korleis opplever du debattklimaet i Bjørnafjorden? Er det rom for å ytra seg? Er det plass til ulike meiningar? Lyttar me til kvarandre? Blir du motivert til å engasjera deg? Får du lyst til å bidra i lokalsamfunnet me alle er ein del av?
Di stemme, ditt engasjement og dine bidrag betyr noko.
Gjennom lokalavisveka ønskjer Os & Fusaposten å løfta ytringsfridomen og slå eit slag for dei konstruktive og saklege debattane, for lokaldemokratiet og for Bjørnafjorden som eit godt og levande lokalsamfunn.
Me i lokalavisa ønskjer å bidra til at folk blir høyrde og at viktige spørsmål blir løfta fram. Me ønskjer å leggja til rette for ein konstruktiv debatt der det er rom for usemje.
Den offisielle opninga av Lokalavisveka skjer i den historiske Rikssalen i Eidsvollsbygningen måndag 19. oktober. Over 200 år etter at grunnlova blei vedtatt, er ytringsfridom, debattklima og demokratiske prosessar meir aktuelt enn nokon gong.
Målet med lokalavisveka, er å visa fram kva rolle lokale, redaktørstyrte medium spelar for lokaldemokratiet og levande lokalsamfunn.