Møter minister om barnevern

Fagfolk og lokale politikarar frå Os møter måndag barne-, likestillings-, og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) i Bergen på første av i alt fem møte her til lands.

Statsråden ønskjer å vite kva utfordringar kommunane står ovanfor når det gjeld å hjelpa utsette barn og familiar og å sikra gode oppvekstsvilkår.

- Å arbeida for eit betre barnevern er ein av mine hovudprioriteringar som barneminister, seier statsråd Solveig Horne (FrP). - Eg ynskjer å møta dei som jobbar med barnevern i kommunane, og som kjenner utfordringane på feltet. Slik kan vi læra av kvarandres erfaringar og utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

To tema

Dei to temaa som særleg skal diskuterast på konferansen er; korleis kommunen kan, gjennom tidleg arbeid med familien, og samarbeid med ulike sektorar, forebygga og unngå at barnevernssaker oppstår. Og korleis ein kan bruka hjelpetiltak i barnevernet mest mulig formålstenleg og målretta for å unngå ei omsorgsovertaking, og kva som skal til for å følgje opp utsette barn på ein god måte, når ei barnevernssak kjem opp.

Konferansen går av stabelen måndag 2. november i Bergen. I tillegg til Horne vil Fylkesmannen i Hordaland og Bufetat Vest delta på møtet i Bergen.

Statsråden skal ha møte i kvar av dei fem barnevernsregionane til neste år.