– Vi fekk melding om dette tysdag kveld. Sykkelen skal ha stått i ein låst garasje, opplyser politioverbetjent, Anne Lyssand.
– Vi fekk melding om dette tysdag kveld. Sykkelen skal ha stått i ein låst garasje, opplyser politioverbetjent, Anne Lyssand.

Motorsykkel meldt stolen frå Hjellemarka

Eigaren av ein KTM 690, melde sykkelen sin stolen tysdag.

– Vi fekk melding om dette tysdag kveld. Sykkelen skal ha stått i ein låst garasje, opplyser politioverbetjent, Anne Lyssand.

To avskilta - ein fekk køyra vidare

Tysdag blei det delt ut tre begjæringar om avskilting.

– Dei hadde ikkje følgt opp EU-kontrollen. To av dei blei avskilta på staden. Ein fekk køyra vidare, og lova å utbetra bilen med ein gong, seier Lyssand.

– Kva gjorde at ein av dei fekk køyra vidare?

– Det er ei vurdering vi gjer på staden. I dette tilfellet var det ein familie med mange born.

Politiet følgde etter ein bilist, som held høg fart gjennom Os sentrum og nordover tysdag.

– Først i 60-sona, ved AMFI Os, fekk patruljen gjort ei måling av farten. Denne viste 68 km/t. Bilføraren var nok heldig at politiet ikkje fekk måla farten til vedkomande i 40- og 50-sona, seier Lyssand og legg til:

– Føraren beklaga, og vedtok bota på staden.

Fleire trafikkmeldingar

På Halhjemsvegen observerte patruljen ein forbikøyring, som såg ut til å vera i alt for høg fart.

– Dette fekk ikkje politiet måling på, men førar blei stansa og fekk tilsnakk. Registreringsnummeret er loggført, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også kome melding om uvørden køyring på parkeringsplassen utanfor AMFI.

– Då patruljen kom til staden, var bilen borte. Dermed ingen operative tiltak.