Dugnad: Dugnadsgjengen Sveinung Olsen, Knut Brandal, Karl Jakob Helland og Ingemar Helland. Biletet er frå januar 2022.

Mykje av arbeidet er fullført allereie. For få veker sidan fekk dugnadsgjengen løn for strevet

– Resultatet har blitt veldig bra. Salen er blitt utruleg fin!

Det er lagt ned ein stor dugnadsinnsats i Eikelandsfjorden samfunnshus den siste tida. For kort tid sidan kom det ei svært kjærkomen løyving frå Vestland fylkekommune på 424.000 kroner.

– Vi har søkt i fleire år. Denne gongen låg vi på topp av prioriteringane i kommunen. Søknadssummen har auka litt etter kvart som vi har gjort investeringar i bygget, difor vart det ganske mykje pengar til slutt, fortel styreleiar Karl Jakob Helland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikelandsfjorden samfunnshus søkte om 1,2 millionar frå potten «tilskot til kulturbygg i Vestland». Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Tilskotet kan ifølgje fylkeskommunen utgjera inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget.

I januar 2022 vart det gamle panelet i storstova rive. I staden kom det opp eit isolasjonslag, duk og ei rad med smale lister. Dermed vart akustikken i salen ein heilt annan.

– Vi har gjort ganske mykje dei siste åra. Ein del av søknaden gjekk på akustikkprosjektet. I tillegg har vi modernisert garderobane og foajeen, fortel Helland.

Les også
Dugnad gjev godlåt i samfunnshuset: – Dette vert ein heilt ny sal

I tillegg til fylkeskommunen. har Eikelandsfjorden samfunnshus hatt gode støttespelarar i mellom andre Fusa kraftlag og Sparebanken Vest.

– Frå kraftlaget har vi fått pengar til oppussing. I tillegg har vi, gjennom tre ulike bolkar dei to siste åra, fått heile 175.000 kroner frå Sparebanken Vest. Det er heilt fantastisk for å seia det rett ut, påpeikar styreleiaren.

Dermed har dei kunna «shina» opp scena og kjøpa inn nytt sceneteppe også. Eit leddlys-prosjekt har det også blitt rom for.

– Resultatet har blitt veldig bra. Salen er blitt utruleg fin og under store arrangement er akustikken heilt suveren. Då vi hadde 400 gjester på revyen i vår, høyrte alle godt. Slik var det ikkje før, så det er vi veldig kry over, seier Helland.

Eikelandsfjorden samfunnshus vart bygt på starten av 1980-talet. Sjølv om dugnadsgjengen har hatt mykje å halda på med dei siste åra, har dei ingen planar om kvila enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Taket er over 40 år. Vi fekk hjelp frå kommunen med å fjerna all mosen for kort tid sidan. Det var ein stor jobb. Planen no er å fiksa litt på taket, og litt andre ting som ikkje er heilt på stell. Det dukkar stadig opp ting. På dei store veggane ute til dømes, er halvparten kvitt og halvparten grått. Ønsket er å gjera det litt finare, seier styreleiaren og legg til:

– Vi har gjort mykje, men har mykje igjen. Det blir ein del dugnadstimar i månaden, seier Helland og smilar.