Sambuarparet Ida Songstad og Kjetil Grindheim er framleis lattermild når dei snakkar om den noko uventa støvsuger-gåven.
Sambuarparet Ida Songstad og Kjetil Grindheim er framleis lattermild når dei snakkar om den noko uventa støvsuger-gåven.

Mysteriet med den raude støvsugaren

Vel heime etter handletur på Amfi Os oppdaga Kjetil Grindheim ein raud støvsugar på lasteplanet. Etnebuingen takkar for gåva.

- Det var like før eg tok kontakt med Os kommune for å høyra om det var tradisjon for å gje slike støvsugarar i tilflyttar-gåve, ler 26-åringen.

Etnebuingen Kjetil Grindheim kom til Os for knappe to veker sidan. I lag med sambuar Ida Songstad hadde han knapt rekt å pakka ut flyttelasset, før nokon meinte dei burde støvsuga litt ekstra i sitt nye hus på Halhjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

I god stand

Sambuarparet fekk seg ein god latter då Kjetil kom heim frå den kjappe handleturen på Amfisenteret i helga.

Etter at han hadde parkert bilen på tunet oppdaga han nemleg ein raud støvsuger, pent plassert på lokket av pick-up-lasteplanet på bilen.

- Den stod slik som dette, viser Kjetil.

Slik fann Kjetil den raude støvsugaren på bilen sin. - Dersom eg hadde plassert han der sjølv og vedda på at eg skulle klara å køyra frå Amfi og heim til Halhjem, så hadde han garantert falle av. Nei, det var nok meininga at me skulle få denne heim her i huset, seier ein lett ironisk Grindheim.
Slik fann Kjetil den raude støvsugaren på bilen sin. - Dersom eg hadde plassert han der sjølv og vedda på at eg skulle klara å køyra frå Amfi og heim til Halhjem, så hadde han garantert falle av. Nei, det var nok meininga at me skulle få denne heim her i huset, seier ein lett ironisk Grindheim.

- Heilt ute på kanten. Det er eigentleg heilt utruleg at han ikkje fall av på vegen. Me snakkar jo om fem-seks kilometer med motorveg, svingar, rundkøyringar og fartsdumpar, seier Kjetil.

-«Du, Ida. Du må koma å sjå kva eg har fått med meg», lydde meldinga til sambuaren.

- Eg skjønte like lite som Ida, og hadde problem med å forstå kvifor og korleis støvsugaren hadde hamna der.

- Er støvsugaren i orden då?

- Jaudå, den er heilt fin den. Me er jo i innflyttingsprosessen, så me har no testa han, humrar Kjetil og Ida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stygg støvsuger-dumping-sak

Etter opplevinga la nordsjøarbeidar Grindheim og Ida ut bilete av støvsugaren på Facebooksida til «Oppslagstavla i Os».

- Eg ønskte å høyra om nokon sakna han, men eg hadde vel mine tankar om at dei som hadde sett han frå seg på bilen min, ikkje nett hadde bruk for å få han tilbake.

Ein del lattermilde reaksjonar fekk dei, men ingen kunne fortelja dei om kven som hadde plassert støvsugaren der.

- Kva tankar gjer du deg om dett sjølv?

- Nei, kva skal eg seia. Eg var knapt borte i eit kvarter, så gåve-gjevaren må i alle høve ha vore snar. Det var heller ingen bilar parkert i nærleiken, så ein kan jo nesten mistenke dei for å berre å ha køyrt bort til bilen min, sett frå seg støvsugaren og køyrt vidare. Ganske underleg, ler han.

- Er det rett og slett snakk om ein stygg støvsuger-dumping-sak dette her?

- Det kan vera så enkelt, skjønt enkelt synest eg ikkje det er. Kvifor setja han på bilen min, i staden for å kasta han i depoet til El-kjøp like bortanfor, undrar Kjetil.

Glad det gjekk bra

Sjølv om han heilt klart ser humoren i "støvsugar-stuntet" og no har fått seg ein ny bilstøvsugar i garasjen på Halhjem, så er han ikkje berre glad for det som skjedde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No gjekk jo dette bra, men ettersom eg ikkje såg støvsugaren før eg kom heim, er det jo eg som ville vore skuld i eventuelle ulukkar eller skadar om maskinen hadde falle av i ein sving og treft ein fotgjengar eller ein bil.

- Både du og Ida er tilflyttarar i bygda, så det er kanskje ikkje så sannsynleg at det er "dårlege" vener som har spelt dykk eit peik?

- Me har eit par kjente i bygda, men eg har ikkje mistanke om at dei ville gjort noko slik. Ei heller trur eg venene våre i Bergen ville reist heilt til Os for å plassera ein raud støvsugar på lasteplanet mitt.

- Så då blir dette mysteriet truleg uløyst då?

- Ja, det kan sjå slik ut. Eg tenkjer dei som stod bak det, får seg ein ekstra god latter når dei leser saka her i avisa, ler Kjetil.