Feststøy: Politiet fekk to meldingar om feststøy på kort tid, og kunne ikkje prioritera begge, opplyser politioverbetjent, Atle Birkeland.

Naboar klaga på høg musikk frå festar

Politiet fekk natt til søndag to meldingar frå ulike stader i Bjørnafjorden som gjekk på fest og høg musikk.

Klokka 01.15 søndag fekk politiet melding om fest og høg musikk i Lekvenmarka.

– Det var til bry for naboar. Lyden var dempa og det var roleg på staden då politiet kom til adressa. Sidan kom det ikkje fleire klager frå området, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit kvarter seinare, fekk politiet ei liknande melding. Då frå Hegglandsdalen.

– Politiet kunne ikkje prioritera dette oppdraget, fortel Birkeland.