Anita K. Egge er styreleiar i Os Næringsråd.
Anita K. Egge er styreleiar i Os Næringsråd.

Næringslivets røyst

Os Næringsråd held på å bli næringslivets viktigaste møtestad og interesseorganisasjon. No vil dei byggja eit senter for dei som er i startgropa.

Styreleiar i Os Næringsråd, Anita K. Egge, har sete i sjefsstolen i vel eit halvt år. Styret valde henne i april i år som den første leiaren for eit permanent styre.

- Det er eit spanande verv, og eg er godt nøgd med korleis Næringsrådet har utvikla seg til å bli den naturlege møtestaden for verksemdene i Os, seier Egge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til vanleg er ho dagleg leiar i BD Eiendomsutvikling Drift, og har lang erfaring frå næringslivet, mellom anna frå bank og rekneskap.

Den viktige relasjonsbygginga

Noko av det første og viktigaste steget for næringsrådet var å få på plass både formelle og uformelle kontaktpunkt mellom næringsaktørar i bygda. Kvar første onsdag i månaden arrangerer dei difor «Laus onsdag på Bart». Som namnet kan tyda på, er det ein kveld med laus snipp og ledig tone. Fast post på programmet er at ei lokal verksemd får presentera seg. Av meir formelle samlingar blir det arrangert inspirerande seminar der mellom andre Trond Haukedal, Siri Lill Mannes og John Øyvind Livden har vore blant føredragshaldarane.

- Det er kjekt å bli kjent med næringslivet på ein heilt annan måte enn kva som har vore mogleg før. På sikt trur eg at denne jamlege kontakten vil føra til betre samarbeid og kanskje også knoppskyting, seier Egge.

Næringsrådets ønske nummer éin

Når Os Næringsråd no er oppe og går, har dei også teke til å koma med innspel og råd til kommunen. Gjennom dette samspelet, har idéen om ein nærings-hub eller inkubator blitt fødd. Rådmannen har sett av 500.000 kroner i sitt budsjettforslag til dette.

- Dette er det første me ønskjer å få på plass. Det blir eit næringsfellesskap der innovative verksemder som er villige til å dela kunnskap deler kontor. Dei som ønskjer å starta opp noko nytt får då ein fysisk stad dei kan koma til for å få hjelp og råd, seier Egge.

I tillegg vil det bli etablert ei mentor-ordning, der næringslivsfolk med erfaring frå ulike bransjar trer inn i rolla som mentor.

- I Nyskapingsparken i Bergen, kjem ein bedriftsrådgjevar frå DNB ein gong i veka, og har kontorplassen sin der. På same vis vonar me å få inn bank-kompetanse og juridisk kompetanse i ein slik hub, seier Egge.

- Ikkje vér gniten med ideane

Etablerarkurs av typen Lean Startup som Bergen teknologioverføring står for, vil også bli ein del av pakka. Det blir skildra som ein innovativ måte å utvikla nye verksemder.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ein del av dei som har ein god idé, går og held korta tett til brystet i mange år før dei gjer noko. Tanken bak Lean Startup er å snu det på hovudet, og heller vera open med ideen. Du er nemleg nøydd til å testa marknaden, og sjå korleis folk vil ta i mot det du har å tilby, forklarer Egge.

Råd til dei som har ein idé

Ho har sjølv jobba i fleire år som rådgjevar i DNB, og var då med i eit team kalla «O for oppstart». Det er DNB si teneste for dei som vil prøva å starta opp noko nytt.

- Kva råd ville du gje til nokon som vil prøva å starta opp noko nytt?

- I den funksjonen møtte eg jo veldig mange ulike personar. Nokre har kanskje ein idé som ikkje let seg gjennomføra. Då er det viktig å ikkje ta frå dei draumen om å skapa noko, men koma med konstruktive innspel slik at ideen kan realiserast.

Ho fortel at ein vanleg feil folk gjer er at dei ikkje har sondert terrenget.

- Når ein spør dei kven er kundane dine, og om dei har undersøkt om det er behov for denne tenesta eller produktet, vert dei svar skuldig. Då vert rådet at ein må gjera heimeleksa si på nytt.

Egge seier at det er eit viktig mål for næringsrådet å leggja til rette for næringsetablering.

- I tillegg til å byggja nettverk og gode møteplassar, har Næringsrådet også som føremål å leggja til rette for utvikling av gode idear og skaping av nye verksemder, avrundar ho.